Dette var Øyafestivalens logo i 2009.

Delte meiningar om Øya si hospitantordning

Som ein del av Knutepunkt-forpliktelsane, arrangerar Øyafestivalen ei hospitantordning for ansatte frå andre festivalar. Hospitantar som har vore gjennom ordninga har blanda opplevingar.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

- Hospitantordninga til Øyafestivalen er særs positiv på papiret, og det er bra at ein kan oppleve fleire delar av festivalen. Eg følte likavel at eg vart litt borte i systemet. Folk hadde dårleg tid, noko som resulterte i at eg vart sittande å ikkje ha noko å gjere, sier Elisabeth Berg frå Parkenfestivalen. Ho deltok på ordninga i fjor.

- Eg fekk i alle høve bekrefta at vi var på rett veg med vår eigen festival. Ordninga er nok viktigare for dei meir nyetablerte festivalane. Det er mykje lærerikt å sjå, men eg skulle ynskje at vi vart meir nyttiggjort.



Ein forpliktelse
I 2007 vart Øyafestivalen tildelt status som knutepunktfestival for pop og rock, etter å ha vore i søknadsduell med fire andre leiande norske pop- og rockfestivalar. I praksis betyr dette at Øyafestivalen mottek ein årleg sum på 1,5 millionar i statleg støtte, samt 1 million frå byrådet i Oslo. Pengane er imidlertid øyremerka med eit ansvar. Forutan å ivareta eiga utvikling, skal også knutepunktinstitusjonane vere med å utvikle idear og tilbod som kan styrkje den faglege kompetansen innanfor sitt felt.


PR-sjef Jonas Prangerød kan fortelje at Øya allereie hadde ambisjonar om ei kompetanseheving før knutepunktstatusen var innvilga.


- Det er sikkert fleire grunnar til at vi fekk tildelt knutepunktstatus, men ein av grunnane trur eg er at vi hadde ein veldig god søknad. Vi hadde mange prosjekt vi ville gjennomføre, og vi ynska å gjere ting som kunne styrkje både festivalen og arrangørbransjen. Vi var aldri interesserte i ein konkurransefordel, men vi ville starte ei kompetanseheving. Med knutepunktstatus har vi hatt moglegheit til å byrje denne kompetansehevinga, gjennom kurs, seminar, dialog med andre arrangørar og ei eiga hospitantordning.



Positive ringverknadar
I tillegg til å skrive handbøker om korleis ein bør ivareta miljø og sikkerhet på rockefestivalar, er kanskje hospitantordninga det største knutepunktrelaterte tiltaket til Øya. Denne ordninga tillet representantar frå andre festivalar å få eit praktisk innblikk i korleis eit stort arrangement vert organisert og avvikla.


- Hospitantordninga er laga for å skape positive ringverknadar i den norske arrangørbransjen. Folk som jobbar i ei særskild avdeling i sin festival, skal kunne komme til oss, og jobbe med relevante oppgåver frå samme avdeling. Dette er ein god måte å lære ting på, samt få innblikk i korleis andre organiserer ting.


Hospitantane som kjem til Øya for å lære og utveksle erfaringar, må sjølv biddra aktivt. Dei kan også velge mellom ei rekkje avdelingar, frå artist og arena, til sikkerhet og transport. Prangerød sjølv kan kun fortelje om gode tilbakemeldingar på denne ordninga.


- Responsen vi har fått på hospitantordninga har vore utelukkande positiv. Vi har jo sjølve satt stor pris på dei gongane vi har fått reise til Roskilde for å lære av meir erfarne arrangørar. Slike tiltak er alltid inspirerande. Det er verkeleg god lærdom å sjå korleis andre løyser sine problem, samt få innspel på eigne.


- Kan ha mykje å seie
Jon Erik Nøding frå UKA var også hospitant hjå Øya i fjor. Han er enig med Elisabeth Berg i at oppfølginga kunne ha vore noko betre, men understrekar at han er særs nøgd med utbyttet frå hospitanterfaringa.

- Eg har eit veldig positivt heilheitsinntrykk av hospitantordninga, men eg veit sjølvsagt ikkje korleis det var i dei andre avdelingane. For min del var det heilt klart bra. Eg lærte mykje på detaljplan, og fekk god heilheitleg oversikt over festivalen. Mange festivalar i startfasen har mykje engasjement og forhåpningar. Eg trur ei slik ordning kan ha mykje å seie for desse aktørane. Hospitantordninga har stort potensiale, og fleire burde nytte tilbodet.

Del artikkelen på:
                  |     Mer
Dette var Øyafestivalens logo i 2009.

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Nordic Voices (Foto: Guri Dahl)

Deler ut egen støtte som støtte

Vokalensemblet Nordic Voices gir bort en del av sin egen statsstøtte som arbeidsstipend til en fersk, norsk komponist.Les mer om dette

Fra DNOs oppsetning av 'L'Étoile' (Foto: Magnus Skrede)

"Nybegynneropera"

- Den voldsomme oppmerkomheten rundt egenproduksjoner er medieskapt, sier DNO-sjef Mary Miller.Les mer om dette

Nord-Norsk Opera- og Symfoniorkester  (Foto: Noso.no)

- Forunderlig holdning

Nordland Musikkfestuke er kritiske til knutepunktet FiNN.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten